Yogahelg på Stord

Anita Kehr- Careyoga og Aud Amiti Myhre- AmitiYoga 

Bli med på ei nydelig Yogahelg på Stord Hotel 

06.-07. november

Stord Hotel er eit nyoppussa flott hotel som ligg sentralt til, kun 5-10 minutts gange frå Leirvik sentrum. Dei har fantastisk flotte lokale, god atmosfære og mat av ypperste kvalitet. Dei ønsker oss velkommen inn i varmen og legg alt til rette for at me skal få ei flott helg.

Me er to yogalærarar, Anita Kehr og Aud Amiti Myhre, som utfyller kvarandre i kunnskap og erfaring innan yoga. Me gler oss til å dela denne helga med dykk.

Programmet vil innehalda:

  • Klassisk yoga
  • Kundaliniyoga
  • Restorative Yoga
  • Yin Yoga
  • Yoga Nidra
  • Skogsyoga
  • Gåmeditasjon
  • Bevisstgjering av eigne vaner
  • Pusteteknikkar og meditasjonar for meir energi, balanse i tankane og for betre søvn

Treng du å lade batteri, være saman med likesinna, gjere yoga og meditasjon og spise god mat? Då er du hjarteleg velkommen med. Denne helga passer for alle, enten om du er heilt ny til yoga eller har gjort yoga før. Me tilpasser timane slik at dei passer for alle.

Prisar og alternativ:

Alternativ 1: Full pakke pris 2990,- inkluderar:

Overnatting i standard rom lørdag-søndag

2 rettars lunch lørdag og søndag

Frukost søndag

Dagens 3-rettars meny i Brasseri 59 lørdag

Fullt yogaprogram begge dagar


Alternativ 2: pris 1790,- inkluderar:

2 rettars lunch lørdag og søndag

Fullt yogaprogram begge dagar

Bur du på Stord og tenker at eg kan jo berre bu heime? Ja, det kan du. Men om du har sjangs, vil me absolutt anbefala deg å ta deg ein yogaretreat i eigen by! Samstundes vil du vera med å støtte lokale verksemder.

Programmet vil sjå omtrent slik ut*:

Laurdag 06.11

11.00-11.15 Velkommen

11.15-12.15 Mindful Yoga

12.15-12.30 Pause med te/kaffi

12.30-14.00 Kundalini Yoga

14.00-15.00 Hotellets smakfulle 2 rettars lunch i Brasserie 59

15.15-17.15 Yoga i naturen

17.15-18.30 Ein varm kopp te, Restorative Yoga og Yoga Nidra

19.00 og utover: Middag for dei som har overnattingspakke. For dei som ikkje overnattar, men ynskjer å bestille middag, ta kontakt.

Søndag 07.11

08.00-09.00: Frukost på hotellet for dei som overnattar

09.00-10.00: Yogalivet. Mantrameditasjon

10.15-11.15: Yin Yoga

11.15-11.45: Pause med te/kaffi. Utsjekk frå rommet

11.45-13.00: Kundalini Yoga, pusteteknikk og meditasjon

13.00-14.00: Hotellets smakfulle 2 rettars lunch

14.00-15.00: Yogiske tips

15.00-16.00: Klassisk Yoga med avspenning

16.00 Takk for no og vel heim😊

*endringer i programmet kan forekomme

NB! Kort påmeldingsfrist!

Begrensa antal plassar. Påmelding er bindande og må vera oss i hende innan 23.09.

Send di påmelding til:

kehryoga@gmail.com


Spørsmål? Ring eller send melding:

Anita: 90717260

Aud Amiti: 99740450

Hjarteleg velkommen!


Her er nokre av alle dei gode tilbakemeldingane me har fått på tidlegare yogasamling på Skånevik fjordhotel:

"Nydelig med uteyoga",

" For meg var det ei "åpenbaring" kor godt både eg og kroppen min har av denna typen yoga. Så eg blir inspirert til å fortsetta"

"Fint å finne indre ro!"

"Kjempedeilige yoga- og meditasjonsøkter. Fantastisk!"

"Ein vekker i forhold til å prioritere seg sjølv litt meir og eit liv i balanse!"

"Bra tips for god nattesøvn. Mange gode avspenningstips."

"Rolige, trygge lærere"

Vil du gi deg sjølv denne muligheten til å prioritere deg sjølv? Ta kontakt med oss! Me gler oss til å sjå deg der!!


To nederste foto: Haakon Nordvik

Sjå fleire bilder her: 

Bilder- yogahelg