Yoga i lavvo

10 vekers kurs i Kundaliniyoga

 Onsdagar kl 18.15 - 19.30

Amiti Yoga tilbyr no eit 10 vekers kurs i Kundaliniyoga/Mindful yoga i lavvo på Lundstre gard, Rommetveit. Bli med på denne effektive, og likevel så enkle yogaformen som Kundaliniyoga er.


Du lærer enkle og effektive teknikkar som aukar kjensla av vitalitet, flyttar fokuset frå tankane slik at du blir meir jorda i eigen kropp. Det er fokus på å løyse opp i spenninger og å finne ro. Me vender blikket innover, skaper flyt i kroppen og roer eit ofte overbelasta nervesystem. Ved jamleg praktisering av Kundaliniyoga kan ein få større indre balanse og meir overskudd, mindre stress og større motstandskraft i møte med livet sine mange hendingar.


Kundaliniyoga handlar om å være god mot seg sjølv, gi kroppen eit avbrekk frå kvardagen. Gi seg sjølv tid og fokus- eit pusterom. Det handlar om å løyse opp i spenningar i kroppen, om pusten og å lære å bruke den som et verktøy. Det handlar om å vera til stades, å leve i nuet - her og no. Det handlar om positiv energi-kroppen blir fylt av positiv energi, sinnet blir fylt med positive tankar. Kropp og sinn høyrer saman, og yoga hjelper oss å bli meir merksam på dette


Oppstart i veke 34.

Pris: kr 1700- For spørsmål eller påmelding: 99740450 eller aud-amy@hotmail.com.