Kundaliniyoga

Yoga betyr forening og Kundaliniyoga blir og kalla for yoga for bevisshet. Teknikkane me bruker i Kundaliniyoga er ein skatt for alle som søker inspirasjon og klarhet i livet. 

Kundaliniyoga fokuserer på å gjenopprette indre balanse og styrke både dei kroppslege, mentale og psykiske systema. Mennesket er ein heilskap som heng saman av mange system som treng å vera i balanse. Ein kropp i balanse er frisk, har nok energi, lev i samsvar med egne behov og valg, er glad og trives, sev godt og klarer å slappe av, har reglmessige måltid med sunn mat.

Kundaliniyoga er ein kraftfull yogaform som jobbar direkte med kundalini energien, som er det samme som livsenergien,og vekker den til liv. Likevel er dette ein kvardagsyoga som består av enkle øvingar og teknikkar. Alle kan gjere Kundaliniyoga, ein gjer det ein kan ut i frå forutsetningane sine. Ein kan få effekt av yogaen sjølv om ein ikkje gjer alle øvingane heilt rett. Kundaliniyoga er påstått å være den yogaformen som kan gi raskast effekt for å oppnå kontakt mellom kropp, sinn og sjel.

Gjennom yogiske øvinger(Kriya), bevisst pusting(Pranayama), djup meditasjon og synging av mantra(naad), så gir me oss sjølv mogelegheiten til å justere oss sjølv og komme i full balanse, i vår fysiske kropp, i kjenslene våre, både mentalt og sjeleleg. Kundaliniyoga har ein direkte styrkande effekt på nervesystemet , balanserer det endokrine kjertelsystemet, renser kroppen og roer sinnet.