Om meg

Eg vier livet mitt til at det skal bli meir kjærleik i verda. Ambisiøst? Nei, egentlig ikkje. For berre ved å gjere yoga, djup kvile og meditasjon jevnlig så kjem eg nærare meg sjølv.

Me har alle kjærleik som vårt innerste vesen. Når eg er nærare meg sjølv, kan eg kjenne på egenkjærleik, indre ro og glede. Då har eg meir å gi andre.

Ved å hjelpe og leie andre gjennom yoga, djup kvile og meditasjon så gir eg dei og muligheten til å kjenne på det same. Dette sprer dei igjen vidare til menneskene rundt seg. 

Så enkelt er det egentlig!

Om du kjenner at du vil oppnå meir glede, indre ro, balanse, egenkjærleik, merksamt nærvær, overskudd og livsglede så viser eg deg gjerne dei teknikkane eg har lært meg, og som eg brukar jevnlig.

Og bonusen? Jo den er at ein og løyser opp i spenningar i kroppen, blir mjukare, ofte får betre søvn, og muligens og færre vondtar i kroppen.

Eg har 31 års erfaring med yoga og meditasjon, er internasjonalt sertifisert Kundaliniyogalærar, nivå 1 og 2( 500 timer) frå KRI. Har i tillegg utdanning i Yoga Nidra og Restorative Yoga gjennom Atman Yogaschool. Eg er og utdanna innan Meditative Healing med Jivan Mukhta. 

Dei siste åtte åra har eg undervist i yoga på yogastudio, treningssenter, helgekurs, online på Zoom og facebook og ute i vakker natur.