Naturyoga

Denne yogaen er skånsom, og eg tar hensyn til ulike utfordringar. Du gjer øvelsane med den kroppen du har og ingenting er feil.

Yogaøvingane i ​Naturyoga​ kjem frå Kundaliniyoga som har ein direkte styrkande effekt på nervesystemet, balanserer det endokrine kjertelsystemet, rensar kroppen og roar sinnet.

Om du har skader, plager, er stiv eller utrent, er dette ingen hindring for å utføre ​Naturyoga​. Tvert imot, det er endå ein grunn til å vera med. 

Å sitte med lukka auge ute kan gjere at me opplev våren endå sterkare, er meir til stades og kan verkeleg ta inn denne fantastiske tida!

I naturyoga pustar me den gode vårlufta djupt inn.

Sansane våre blir skjerpa.

Me lyttar til skvulpinga frå sjøen, sildringa frå bekken, susinga og raslinga frå trer og songen frå småfuglane.

Me strekk oss i gode yogastillingar, pustar godt og balanserer kroppen.

Kanskje høyrer me gauken og ser ei regnboge ...  

Kjenner du av og til at våren går for fort, at du ikkje fekk nyte den så mykje som du skulle ønska?

Bli med meg og ta inn våren!


NYE TIMER KJEM - TA KONTAKT 

Spørsmål og påmelding til:

aud-amy@hotmail.com/99740450

To små foto: Jorunn Hernes