Mjuk Yoga

Yoga som kan gjerast på stol eller matte

Tilpassa alle

Øvelsane me gjer kjem frå  Kundalini Yoga og MediYoga.

Du gjer øvelsane med den kroppen du har. Ingenting er feil. Tilpasningar blir gitt undervegs, og ein kan gjere mange av øvelsene sitjande på stol. Me har som oftast augene igjen når øvelsen er blitt instruert og ein er i gang. Då fokuserer du på deg sjølv, og samanlikner deg ikkje med dei andre i rommet.

Etter øvelsane har me djup avslapning der du ligg på ei matte og blir instruert inn i avslapning. Dette varer rundt 10 minutter

Til slutt er det ein meditasjon. Det kan være ein pustemeditasjon der ein bruker eit bestemt pustemønster, eller ein mantrameditasjon der ein seier eller syng eit mantra. Ein har ulike stillinger med feks hendene og fingrane, såkalte mudra. Ein meditasjon kan hjelpe til med å stilne tankene stilner og gi ro i kropp og sinn.